BARNEHAGEN ER EIT FORELDREEIGA SAMVIRKEFORETAK MED IDÈELT FORMÅL

Maurtua Barnehage Bømlo SA, er ein ikkje-kommersiell barnehage, eigd av dei foreldra som til ein kvar tid har barn i barnehagen vår.  Barnehagen blir drifta utan anna økonomisk motiv, enn det å ha god kvalitet og sikker drift.  Dette gjennom nok og kvalifiserte tilsette, vikarar ved behov og elles gode fasilitetar og utstyr.  Eventuelle driftsoverskot blir reinvestert til det beste for barna i barnehagen.

Med bakgrunn i dette er det investert i nye og oppgraderte barnehagebygg, to gymsalar og gode uteleikeplassar.   Maurtua Barnehage er nærmaste nabo med Svortland Skule, men har barn frå heile fire andre skular i vårt nærmiljø.  Idrettspark og idrettshall er og naboar til oss. 

Våre to gymsalar og det flotte naturområdet me har rundt oss, blir dagleg nytta til leik, moro og utforsking. 

Visjon: Maurtua Barnehage skal bidra til auka livsgleda og livsmeistring hos barna.  Verdigrunnlaget er respekt, engasjement, tilhøyrsle og trivsel (RETT).  Dette ligg til grunn for vårt daglege arbeid.  

Grunnsynetvårt er at små og store lærer i eit samspel med  kvarandre, noko som prinsippet om søskenavdelingar byggjer på. Maurtua Barnehage har i alle år hatt denne type avdelingar, noko både foreldre og tilsette har vore og er, svært nøgd med det.  Maurtua Barnehage sine avdelingar er utforma slik at dei passar for barn i alle aldrar og med rom for å dela barna inn i alderstilpassa grupper der dei er. Der leikar og lærer barna i samspel med kvarandre, samstundes som dei får delta i leik, samspel og aktivitetar også i mindre grupper.

Småbarna 0-3 år blir skjerma og ivaretatt i alderstilpassa grupper på sin søskenavdeling. I denne perioden er barnet i ein stor utvikling på alle områder, og samstundes på sitt mest sårbare. Forsking viser at trygge tilknytte barn, har grunnlag for ei betre utvikling enn barn som ikkje er trygd tilknytte.   Slik me ser det, er det då ein fordel for vidare tryggleik og utvikling at barnet slepp eit byte til «storbarns» avdeling i denne perioden, og i staden kan vera på same avdeling til det er rundt 5 år.  Trygge, tilknytte barn blir glade i å utforska, og får eit godt grunnlag for gode sosiale dugleikar og til å regulera sine eigne følelsar rimeleg raskt

Før skulestart har me siste året i barnehagen ein eigen avdeling for 5-6 åringane, heretter kalla Stormaur.  Den siste tida før overgang til Stormaur, er oftast prega av stor forventning og «utolmodig» venting hos barnet. Dei gler seg!  Maurtua Barnehage har no hatt dette fulldagstilbodet i 3 år.  Evalueringar og tilbakemeldingar frå barn og foreldre gjennom desse åra, visar stor tilfredsheit med å ha eit eige «førskuletilbod» til 5-6 åringane våre siste året i barnehagen. 

Barn som treng ekstra støtta får naudsynt pedagogisk, sosial og fysiske tilrettelegging som er nødvendig i eit likeverdig tilbod, på den avdelinga dei er.  Me har tilsette med formell kompetanse og mange års erfaring til dette arbeidet.

Anna:

  •          Opningstid frå 06.30-16.45.
  •          Kostpengar kr. 300 pr. barn pr. månad.
  •          Varm lunsj tre dagar i veka.
  •          Nyttar kid-plan app som ein av våre kommunikasjonskanalar med foreldre.
  •          Har klassifisering som trafikksikker barnehage. Trafikksikring blir tatt opp årleg på foreldremøte.