MAT I BARNEHAGEN

Maurtua Barnehage er ein "nistefri"barnehage der ein tilbereder og serverer alle måltida til barna gjennom barnehagedagen. Maurtua Barnehage er oppteken av eit sunt kosthald. Det betyr at me prøver å avgrensa sukkerinntaket, servere varierte påleggsvarianter og tilby mykje frukt og grønt.

Barnehagen held seg til helsedirektoratet sine anbefalingar for mat i barnehagen;

Til frukost får barna servert brød, knekkebrød og smør med eit utval av pålegg som ulike typar ost, posteiar, kaviar, makrell i tomat, kokt skinke og av og til egg. Ulike tilbehør i form av frukt og grønnsaker høyrer med. Havregryn eller havregraut er også populære alternativ som blir brukt. Drikke er mjølk eller vatn.

Til lunsj får barna variasjoner av samme mat som til frukost.  I tillegg blir det av og til tilbud av varm mat som fiskekaker, laks, graut eller supper eller eigenproduserte rundstykker. Fiskelunsj med mange variasjonar av fisk/ fiskeprodukt er obligatorisk ein gong per månad. Drikke som til frukost.

I frukstunda på ettermiddagen får barna variert frukt, og ei brødskive med pålegg for dei som ynskjer det.

Små barn og barn med allergiar kan ha behov for anna mat. Det blir tatt omsyn til i samarbeid med foreldre.