TRAFIKKSIKKER BARNEHAGE

I tråd med Bømlo Kommune si målsetjing om å bli ein trafikksikker kommune, vart Maurtua Barnehage hausten 2017 godkjent som ein trafikksikker barnehage.

Me har då forplikta oss til å følgja desse kriteriane:

Trafikktryggleik i barnehagen:

  • Trafikkopplæringa i barnehagen blir integrert som ein del av omsorgs- og opplæringsarbeidet og blir nedfelt i årsplanen til barnehagen.
  • Barnehagen stiller krav til busselskap og drosjer om belter og trafikksikker åtferd ved kjøp av transporttenester.
  • Dei tilsette i barnehagen kjenner rutinane for handtering av uventa faresituasjonar og hendingar på tur.
  • Barnehagen har utarbeidd rutinar for å ivareta tryggleiken på turar til fots og med bil eller kollektivtransport.

Trafikkopplæringa i barnehagen:

  • Barna lærer trafikkreglane for fotgjengarar.
  • Barna lærer å bruke sansane sine i trafikken.
  • Barna lærer å bruke bilbelte, sykkelhjelm og refleks.

Samarbed mellom barnehage og heim:

  • Barnehagen har rutinar for å ivareta tryggleiken til barna ved parkeringsplassen og porten til barnehagen.
  • Barnehagen oppfordrar foreldre til å sikre barna på veg til og frå barnehagen.
  • Trafikktryggleik og trafikkopplæring er årlege tema på foreldremøte.