Me har då forplikta oss til å følgja desse kriteriane:
Trafikktryggleik i barnehagen:
- Trafikkopplæringa i barnehagen blir integrert som ein del av omsorgs- og opplæringsarbeidet og blir nedfelt i årsplanen til barnehagen.
- Barnehagen stiller krav til busselskap og drosjer om belter og trafikksikker åtferd ved kjøp av transporttenester.
- Dei tilsette i barnehagen kjenner rutinane for handtering av uventa faresituasjonar og hendingar på tur.
- Barnehagen har utarbeidd rutinar for å ivareta tryggleiken på turar til fots og med bil eller kollektivtransport.
Trafikkopplæringa i barnehagen:
- Barna lærer trafikkreglane for fotgjengarar.
- Barna lærer å bruke sansane sine i trafikken.
- Barna lærer å bruke bilbelte, sykkelhjelm og refleks.
Samarbed mellom barnehage og heim:
- Barnehagen har rutinar for å ivareta tryggleiken til barna ved parkeringsplassen og porten til barnehagen.
- Barnehagen oppfordrar foreldre til å sikre barna på veg til og frå barnehagen.
- Trafikktryggleik og trafikkopplæring er årlege tema på foreldremøte.