MAT I BARNEHAGEN

I Maurtua Barnehage får barna servert tre måltid kvar dag! Tre dagar i veka serverer kokken vår variert varm lunsj. Maurtua Barnehage er oppteken av eit sunt kosthald. Det betyr at me prøver å avgrensa sukkerinntaket, servere varierte påleggsvarianter og tilby mykje frukt og grønt.

Barnehagen held seg til helsedirektoratet sine anbefalingar for mat i barnehagen.

Til frukost får barna servert brød, knekkebrød, med eit variert utval av pålegg, inkludert frukt og grønt. Som eit alternativ blir det nokre dagar servert havregraut eller havregryn.  Drikke er mjølk eller vatn.

Eksempel på varme lunsjer som blir servert tre dagar i veka er lunsjrettar som plukkfisk, grønnsaksuppe, fiskegrateing, lasagne, fiskekaker og anna.  Kald lunsj tilbodet består av det same som på frukost, og er ein på tur så er det sjølvsagt nistepakkar.

På ettermiddagen får barna variert frukt, og brødskive med pålegg for dei som ynskjer det.

Små barn og barn med allergiar kan ha behov for anna mat. Det blir tatt omsyn til i samarbeid med foreldre.

I Maurtua Barnehage legg me elles vekt på at måltidet er ein pedagogisk arena for barna. Det er mykje god læring og samhandling som skjer ved desse.