DESEMBER

JULA 2017

Bømlo Kommune sin visjon:"Bømlo er ein open og inkluderande kommune prega av mangfald"

"Barna skal få oppleva at det finst mange måtar å tenkje på, handle og leva på. Samtidig skal barnehagen gi felles erfaringar og synleggjere verdien av fellesskap. Barnehagen skal vise korleis alle kan lære av kvarandre og fremje nysgjerrighet og undring over likskapar og forskjellar." (rammeplanen s.9)

Desember månad er full av undring, refleksjon og gode stunder. Jula har med seg så mange tradisjonar - og det viser seg at dei er nesten like ulike som me er her i barnehagen. Med så mange barn frå 24 ulike nasjonalitetar representert får me innblikk i svært mange måtar å feira jul på heime, og me blir betre kjent med dei som ikkje feirar jul.

To av avdelingane våre har stort fokus på dette i adventssamlingane sine. Foreldra har skreve eit brev der dei fortel litt om mat, baking, julesongar, kor dei skal feira jul og korleis dei gjer det heime. Kvar dag blir dei betre kjent med eit barn gjennom å lesa opp brevet og samtala rundt korleis det er heime hos dei.. Nokre av barna feirar ikkje jul - dei har andre høgtider og merkedagar - så får me kjennskap til det også.

Me i barnehagen har våre tradisjonar med adventsstunder, tenning av lys, julesongar, "hemmelighetar", luciafeiring, pepperkakebaking, kyrkjevandring, "nissestrekar", grautfest, nissebesøk, kreativt kaos, glede og forventning. Tradisjonar med utspring frå mange ulike land.

Mest av alt har me eit miljø som byggjer opp om respekten for menneskeverdet og retten til å vera ulike.

Me undrar oss over om jula ikkje eigentleg handlar om å ta godt vare på kvarandre:)