15.desember

Det skjer mykje spennande i barnehagen no.......

I barnehagen har me ein nisse på loftet. Han bur der heile desember og har det skikkelig travelt, særleg om natta. Snill er han, men likar godt å gjera "nissestrekar"

Idag tok han turen ned sjøl om det begynte å bli lyst ute...... Barna syns det var stor stas, men at det var litt dumt at me ikkje hadde graut til han.... Kanskje det var graut han såg etter? Sikkert er det at hvis han tek turen ned til oss imorgon er grauten klar!

Ei natt hadde nissen vår "nissa" melka blå........

Neste dag når me kom ut i garderoben for å kle på oss, var det mandariner i skoa...... Kva blir det neste mon tru........

STORE OG SMÅ GLER SEG KVAR DAG!