1.desember i barnehagen.

Endelig vart det desember....

Desember i barnehagen er heilt spesiell! Gode og "travle" dagar som store og små har gleda sånn til!

Tida for glede, lys, magi, spenning og forventningar. Gamle tradisjonar vert tatt fram - og nye blir laga.

Samlingsstundene ber preg av at det nærmar seg jul - og alle lurer på kven sin tur det er til å trekka adventskalenderen idag....Kvar dag kjem det brev frå nissen.....nokre dagar gjer han "nissestrekar" og.... Julesongane blir innøvde på nytt og spenningsnivået stig for kvar dag.

Det skal bakast litt og pyntast litt - helst veldig mykje syns barna....

Her skal det bli fine snømenn på vindauga.

STORE OG SMÅ GLER SEG TIL KVAR DAG!!!!