"Sommarbarnehagen"

Nokre veker denne sommaren flytta barna på Sukkermaur og Flygemaur ned til Jamnaheia. Her "ferierer" dei ilag med dei seks avdelingane som er her til vanleg. Fire og fire avdelingar er slått saman og antallet barn og vaksne varierer frå veke til veke alt ettersom kor mange som avviklar ferien sin.

Sommarbarnehagen er ein fin plass å vera når mamma og pappa er på jobb. Her møter ein kjente  barn og vaksne og nokre som ein ikkje kjenner så godt. Det er kjekt å sjå korleis barna tilpassar seg etterkvart og at nye "kjennskap og vennskap" blir til. Personalet gjer alt dei kan for at alle skal trivast og ha gode dagar. Aktivitetane er mange og varierte. Balleik, fysikk, musikk/dans og vatn er tema me har særleg fokus på desse sommarvekene - men strandturar, blåbærplukking og gode lesestunder blir det også tid til.

Barna tek med seg mange nye erfaringar og gode sommarminner når dei vender tilbake til avdelingane sine igjen etter å ha vore ein del av "sommarbarnehagen" vår.