Tur til Siggjo

Ein av tradisjonane til førskuleklubben i Maurtua Barnehage er å gå på Siggjo. Siggjo er det høgaste fjellet på Bømlo med sine 474 m.o.h. Det er eit populært turmål - og det skjønnar ein godt når ein når toppen. Her er det eit vidt utsyn mot Bømlo sine tusen øyar.

 

Kvart år traskar førskulebarna opp til toppen av Siggjo. Stien opp har ein høgdeforskjell på 300 høgdemeter - så det er ikkje nokon "pingletur". Nokre av barna har vore der før, medan andre går opp for første gong.

Druer og rosiner fungerer godt som "ekstra bensin" til dei spreke barna våre, som ikkje har problem med å nå toppen! Fantastisk å sjå motivasjonen deira og korleis dei "heiar" på kvarandre. Den bakerste når toppen til stor applaus frå dei som kom først!

I tillegg til ein god pause med mat og leik på toppen får alle ein liten "premie". Det er kvar sine såpebobler. Nydelig å sjå på såpebobler som spreier seg mot blå himmel, hav, øyar og fjell!!!

Dette er ein tradisjon me definitivt kjem til å halda på. Barna opplever glede, meistring og samhald på ein optimal måte. Dei er så stolte og fornøgde i etterkant.