Historia om "BOLLEPINGSVIN" og "MUSEFISE"

På Dronningmaur har dei eit spennande prosjekt med dei minste barna denne våren! Det starta med at dei høyrte ein pipelyd i skogen ein dag dei var på tur.....

HISTORIA OM "BOLLEPINGSVIN" og "MUSEFISE"

Ein dag på tur i skogen med dei minste på avdelinga høyrde barna ein pipelyd..... Der byrja historia. Dei måtte finna ut kva lyd dette var... og kor kom den frå? Dei fann ut at det måtte vera ei mus.... men kor var ho?

Neste gong dei var på tur i skogen var pipelyden der igjen, og etter mykje leiting fann dei eit musehol, og der inne låg det ei lita "mus"! Det vart stor jubel, endelig fann dei ut kven som hadde laga pipelyden... Dei leika og kosa seg masse med den, men så blei den trøtt og måtte sova.

Barna syns dette var så spennande at kvar gong dei var på tur, så leita dei etter musa. Dei fann ho på ulike plassar kvar gong, så den vandra mykje. Eingong satt den faktisk høgt oppe i eit tre.

Vennskap er viktig - og "Musefise" fekk seg etterkvart ein venn. "Bollepingsvin" heitte han. Ein gong me var i skogen hadde han faktisk besøk av vennen sin - og barna fekk treffa han. Sidan den dagen har dei to vennene alltid vore ilag når barna har gått på tur.

Men no har det skjedd noko stort, "Musefise" har fått stor mage og barna trur det er ein baby der inne.... Termin er om 14 dagar - gjett om me gler oss til turane framover!!!