HAKKEBAKKESKOGEN

På Sandmaur brukar dei dette halvåret til å bli betre kjent med alle dyra i Hakkebakkeskogen.

Idag les dei siste kapittelet frå boka om alle dyra i Hakkebakkeskogen på Sandmaur. Barna syns det har vore  spennande - særleg Mikkel Rev er ein interessant fyr.....

Barna held på å  teikna figurane frå boka no, det blir flott å få på veggen. Dei har lært seg mange av songane - og 7.april skal dei vaksne dramatisera eit par av scenene frå boka - det gler barna seg til.       Det har blitt mange gode samtalar om vennskap og korleis det er lurt å vera mot kvarandre.

Små og store gler seg til å fortsetta arbeidet med alle dei kjekke figurane Thorbjørn Egner lar oss bli kjent med i Hakkebakkeskogen.