LESEGLEDE

Dei minste barna er også glad i bøker - og "les" så ofte dei kan.

Her i Maurtua Barnehage satsar me mykje på bøker. Me er igang med å laga vårt eige bibliotek - og mange "bok-kassar" står ferdige. Me har eigen innkjøpsansvarleg, som sjøl har stor interesse for bøker og formidling, det er ein stor styrkje for oss. Nye og aktuelle bøker dukkar stadig opp i bokhyllene :-) Me er bevisste på å velja bøker som appellerer til barna, like mykje til gutar som til jenter.

 Barna våre viser stor interesse for bøker og høgtlesing, det er nok eit resultat av at me har hatt fokus på dette ei god stund no. Alle barna blir lest for kvar dag og avdelingane har bøker tilgjengelige.

Dei minste barna våre syner like stor interesse for tekstar og bøker som dei større barna. Det er ei god støtte for språkutviklinga deira og dei lærer seg stadig nye ord.