FOKUS PÅ MORSMÅL.

Morsmålsdagen er ei viktig påminning om den kulturelle verdien alle språk representerer.

På avdeling Flygemaur er dei så heldige å ha ni ulike morsmål representert i barnegruppa si. Dette vil dei ha fokus på framover.

Litauisk var første språk ut denne veka. Veldig spanande når barn frå Litauen oversette ord frå norsk til litauisk. Vanskeleg å uttala desse orda men forsøka var mange og iherdige.

I første samling les Grethe ei forteljing frå Litauen. Seinare prøvde dei seg på ein sang og ein dans. Dette syns alle var kjekt, sjølv om ikkje alle ord, trinn og bevegelsar kom på plass ved første forsøk :-)

Små og store Flygemaurar gler seg til å høyra og læra litt om dei ulike morsmåla på avdelinga frametter